Stephen William Hawking () var ein engelsk teoretisk fysikar, astrofysikar og matematikar.
Bakgrunn Hawking har vore professor i matematikk ved Cambridge University sidan 1980. Hawking vart 20 år gamal råka av ein ulækjeleg og progressiv nevromotorisk sjukdom, som òg påverka hjernefunksjonane. Men han fullførte studia, og med hjelp frå kona, medarbeidarar og studentar har han likevel klart å formidle verdfulle idear og utforme nye teoriar av stort verd innan sine felt.
Arbeidsområda hans har vore romtid-teorien og særskild dei anomaliane i romtida kalla singularitetar. Sidan 1970 har dei viktigaste undersøkingane hans omfatta gravitasjonskollaps og eigenskapane ved svarte hòl. Seinare har han arbeidd med å formulere ein einskapleg teori for gravitasjonsteori og kvanteteori. Forskinga hans indikerer at svarte hòl ikkje eksisterer æveleg, men snarare «eimar» langsamt bort.
Verk Hawking har skrive fleire populærvitskaplege bøker, mellom anna The Very Early Universe (1983), A Brief Historie of Time. From Big Bang to Black Holes (1988, norsk omsetjing Univers uten grenser, 1988), Black Holes and Baby Universes (1993, norsk omsetjing Svarte hull, baby-universer og andre essays, 1993), The Nature of Space and Time (1996) og The Universe in a Nutshell (2001).
Prisar Hawking har fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Einsteinmedaljen 1979, Royal Astronomical Society sin gullmedalje i 1985, Copleymedaljen i 2006 og Presidentens fridomsmedalje frå USA i 2009.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Stephen Hawkings nettstad Stjerneprofessorens teori om Gud og evigheten - intervju i Aftenposten 26. februar 2006. Arkivert
Kategori:Folk frå Oxford Kategori:Folk frå St. Albans Kategori:Engelske fysikarar Kategori:Engelske astronomar Kategori:Kosmologar Kategori:Relativistar Kategori:Teoretiske fysikarar Kategori:Engelske sakprosaforfattarar Kategori:Elevar ved University College, Oxford Kategori:Elevar ved Trinity Hall, Cambridge Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Medlemmar av American Philosophical Society Kategori:Medlemmar av Det pavelege vitskapsakademiet Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:Albert Einstein-medaljen Kategori:Maxwell Medal and Prize Kategori:Copleymedaljen Kategori:Royal Astronomical Society sin gullmedalje Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Order of the British Empire Kategori:Døde av motonevronsjukdom