__NOTOC__ Aechmophorus er ei biologisk slekt av vassfuglar og medlem av dukkarfamilien, Podicipedidae. Dette er to dukkarartar med leveområde i det vestlege Nord-Amerika. Dei er mykje like i utsjånad, men form og farge på nebbet, og dessutan fjørene rundt dei skarlakenfarga auga på fuglane kan brukast til å avgjere arten i feltet.
Svanedukkar har rettpeikande nebb med matt grøngul farge, i motsetnad til gulnebbdukkar, som har eit svakt oppbøygd, lyst oransjegult nebb. Hos begge artar har hannen lengre og djupare nebb enn hoa, noko som gjer det eit særtrekk for kjønnet. Alle dukkarartar viser mønstret av flikete symjehud. Ei laus hudfald omgjev kvar tå separat, noko som gjev meir areal for effektiv symjing. Denne forma aukar effekten av framdrift per symjetak.
Svanedukkarar har litt større gjennomsnittslengd enn gulnebbdukkarar. Dei to artane skil seg òg i læte. Svanedukkarar gjev eit rop som inkluderer to ulike «kri-kri» tonar, medan gulnebbdukkarar læt ein einskild «kriit» tone, meir trekt ut.
Artslista Aechmophorus i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. Svanedukkar, Aechmophorus occidentalis Gulnebbdukkar, Aechmophorus clarkii Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aechmophorus» frå , den 8. mai 2013.
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:dukkarfamilien Kategori:Fugleslekter