Sort messe er eit musikkalbum med Folque, gjeve ut i 1983. Sort messe vart det siste studioalbumet til Folque.
Albumet skil seg frå dei andre platene deira dels ved at nesten alle låtane er nyskrivne, og ikkje minst ved at gruppa ikkje lenger hadde felespelar. I staden vart det gitaren til Lars Helljesen og mandolinen til Morten Bing som stod for instrumentalsoloane. Sjølv om plata var annleis enn andre Folque-plater, var gruppa særs nøgd med ho. Her er framleis låtar med eit klårt folkrock-preg, men òg innslag av både bluegrass og cajun.
Dei tre første låtane på plata «Heksetrilogien» heng tematisk saman. Tittelsporet var for øvrig ikkje uttrykk for satanistiske tendensar, men eit resultat av Morten Bing si begeistring for Fantasy-litteratur.
Innhald
Medverkande Jenn Mortensen: Song Lars Helljesen: Song, gitarar, fløyte Morten Bing: Mandolin, banjo, dulcimer, gitar Roald Thommesen: Bass, keyboard Pål Søvik: Trommer, Taurus
Studiomusikarar Geir Otnes: Trekkspel Trond Øverland: Piano «Dutte»: Pedal Steel
Kategori:Musikkalbum frå 1983 Kategori:Folque-album