Rens Blom () er ein nederlandsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Munstergeleen som deltok i stavhopp. Han vart verdsmeister i øvinga under 2005-meisterskapen i Helsingfors. Blom er den einaste nederlendaren som har vunne ein gullmedalje i ein verdsmeisterskap i friidrett. Han har den nederlandske rekorden i stavhopp på 5,81 m.
Aktiv Blom sette personleg rekord med 5,75 m i 2000-sesongen. Han lukkast ikkje å nå finalen i stavhopp under olympiaden same året. Dei neste åra lukkast han ikkje forbetre sin personlege rekord, og vart utslått i kvalifiseringshoppinga under dei store internasjonale meisterskapane. Fyrst i 2004-sesongen svinga han seg over større høgder, og sette i byrjinga av juni månad ny nederlandsk rekord med 5,81 m i Zaragoza, ein rekord som framleis står i 2013. Under OL i Athen 2004 vart han nummer ni.
Stavhoppfinalen under VM 2005 i Helsingfors vart avvikla under vanskelege tilhøve. På ei regnvåt bane overraska Blom stort med å vinne gullmedaljen, ettersom han var den einaste som klarte 5,80 meter.
Frå 2006 var Blom plaga med ulike skadar. Han tevla ein del gjennom 2007-sesongen, men la opp året etter. Blom vart nederlandsk meister i stavhopp sju gongar; 2001-05 og 2007-08.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2000 i Sydney: Utslått i kvalifiseringa (5,65 m -nr 15) VM 2001 i Edmonton: Nr 13 EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (5,25 m) VM i 2003 i Paris: Utslått i kvalifiseringa (5,60 m -nr 14) OL 2004 i Aten: Nr 9 – 5,65 m VM i 2005 i Helsingfors: Gullmedalje – 5,80 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rens Blom» frå , den 6. september 2013.
Denne artikkelen bygger på «Rens Blom» frå , den 6. september 2013.
World Athletics
Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Stavhopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004