Christopher Andreas Holmboe () var ein norsk språkmann og numismatikar. Bernt Michael Holmboe var ein eldre bror.
Holmboe var fødd i Vang i Valdres der far hans var sokneprest, men voks for det meste opp i Eidsberg. Etter å ha vorte cand.theol. i 1818, studerte han arabisk og persisk språk i Paris i 1821–22. Sidan var han lektor, til han i 1825 vart utnemnd til professor i austerlandske språk ved universitetet i Christiania. Denne stillinga hadde han til han tok avskjed i 1876.
Holmboe spela ei større rolle som numismatikar enn som språkmann. «Han hadde store kunnskapar, men var ukritisk som språkmann».Norsk Allkunnebok. VI. bandet:269 Hans mest kjente verk er Bibelsk Realordbog frå 1868. I den lange perioden 1830–76 var han styrar av myntkabinettet til Universitetet i Christiania. Han grunnla i 1834 Norske Universitets- og Skole-Annaler, ein skriftserie han gav ut i seks år.
Holmboe var medlem av fleire lovkommisjonar som la grunnen til reformer i det norske undervisningssystemet. Han var også mellom dei som tok del i arbeidet med ei ny omsetjing av Det gamle testamentet.
Han døydde i Kristiania.
Kjelder Norsk Allkunnebok. VI. bandet. 1955
Notar
Kategori:Folk frå Vang Kategori:Folk frå Eidsberg Kategori:Norske språkforskarar