Ingrid Mickler-Becker () er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Geseke i Nordrhein-Westfalen, som tevla for Vest-Tyskland. Ho vart olympisk meister i femkamp i 1968 og tok også OL-gull med Vest-Tysklands lag på 4x100 m stafett i 1972. Året før vann ho to gullmedaljar under EM i friidrett 1971.

Aktiv Ingrid Becker deltok som den aller yngste i Tysklands tropp under Sommar-OL 1960 i Roma, der ho vart nummer ni høgdehopp. I 1968 tok ho gullmedaljen i femkampen i dei olympiske sommarleikane i Mexico-byen. Året etter sprang ho ein av etappane for Vest-Tysklands kvinnelag på 4x100 m stafett i friidretts-EM i Aten, og vart løna med ein sølvmedalje.

Mickler-Becker vart europameister i lengdehopp i Helsingfors i 1971. I sjette og siste omgangen landa ho på 6,76 meter, og avanserte frå bronseplassen til gull. På den korte stafetten over 4x100 m sprang ho på sisteetappen det vesttyske «firemannslaget» inn til ein ny gullmedalje.

Under sommar-OL 1972 i München kopierte dei vesttyske sprintkvinnene, med Mickler-Becker på plass, EM-triumfen på 4x100 m stafett ved å ta gull med ny verdsrekordtid; 42,81 sekundar.

Kjelder World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Ingrid Mickler-Becker» frå , den 26. august 2014.

Kategori:Tyske lengdehopparar Kategori:Tyske mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Vest-Tyskland Kategori:Olympiske meistrar for Vest-Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1968 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972