Nicole Duclos () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Périgueux i regionen Aquitaine. Ho vart europameister på 400 meter i 1969.
Aktiv Duclos sette ny verdsrekord på 400 m med tida 51,72 sekundar då ho i 1969 vart europameister under meisterskapen i Aten. Ho slo landsmannen Colette Besson med to hundredels sekund. På 4 x 400 m stafett var dei to kvinnene med å sikre ein sølvmedalje til Frankrike. Duclos deltok i sommar-OL 1972 i München, men vart slått ut av 400-meter-tevlinga i semifinalane.
Åra 1969-72 vann Duclos kvart år 400-meteren i den franske friidretts-meisterskapen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nicole Duclos» frå , den 26. august 2014.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Franske sprintarar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972