Nydalen (opphavleg kalla Nygårdsdalen, tidlegare Ellendalen og i mellomalderen FallandadalenOslo byleksikon side 402) er eit strok på båe sider av nordre parten av Akerselva i Oslo, i Bydel Nordre Aker. Frå å ha vore eit typisk industristrok som utvikla seg på 1800-talet med både tekstilfabrikkar som Nydalens Compagnie og jarnverket Christiania Spigerverk, har det på slutten av 1900-talet vorte totalt endra til eit strok med kontorverksemder og bustadblokker. Frå 2005 har Handelshøyskolen BI hatt hovudsete i Nydalen.Oslo byleksikon side 230
mini|venstre|Kart over Nydalen frå år 1900. mini|Nydalen T-banestasjon
Akerselva renn gjennom området. Elva var tidlegare energikjelde for fabrikkar, tilgrisa av avfallsvatn og overbygd på store strekningar av fabrikk- og lagerbygningar. I nyare tid har ho vorte opna att, reinska for skadeleg tilsig og lagt til rette for både bading og fisking.
Mykje av areala i Nydalen er i privat eige, inklusive gategrunnen. Trafikkskilta innafor det private området er ikkje dei offisielle, sjølv om dei liknar, men med andre farger, og handhevinga av reglane skjer på privatrettsleg grunnlag.
Kommunikasjon Eit par-tre bussliner går inn i Nydalen. Jarnbanelina Gjøvikbanen har haldeplass i Nydalen, og T-banen har stasjon her, Nydalen stasjon.
Kjelder
Knut Are Tvedt (red): Oslo byleksikon, Kunnskapsforlaget 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
Bakgrunnsstoff