Adora (hebraisk skrift אֲדוֹרָה, òg Adorah) er ei israelsk busetjing og ein kollektiv landsby i Judeafjella sør på den okkuperte Vestbreidda, nordvest for Hebron. Han vart grunnlagd i 1984 og ideologisk høyrer samfunnet til bondeorganisasjonen Herut–Betar. Adora har eit folketal på 278 (2012) og er underlagt Har Hebron regionale kommune. I følgje Osloavtalen frå 1993 mellom Israel og Palestinsk frigjeringsorganisasjon, var Adora tiltenkt Område C under full israelsk sivil og militær kontroll.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.
I følgje ein rapport frå Peace Now frå 2006, er 36,01 prosent av landområdet som Adora er bygd på, privateigd, hovudsakleg av palestinarar.In the data provided by the Civil Administration “there is no mention of whether the private land is owned by palestinarar or by jødar... Nevertheless, it is highly probable that most of the land that is marked here as private land (if not all of it) is owned palestinsk land”. I følgje israelske lov er busetjinga på privateigd palestinsk jord ulovleg.
Geografi Adora ligg aust for Israel si sperring på Vestbreidda, 6,4 kilometer frå Den grøne linja i Judeafjella nordvest for Hebron i ei høgd på 692 meter over havet.
Historie Den 27. april 2002 kom tre palestinske geværmenn, utkledde som israelske soldatar, inn i Adora og tok livet av fire innbyggjarar, inkludert ei fem år gammal jente, medan sju andre vart skadde. Ein av angriparane vart sidan drepen av IDF.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Adora, Har Hebron» frå , den 15. september 2015. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Blanda israelske busetjingar Kategori:Nahal-busetnader Kategori:Busetnader grunnlagde i 1982