Dora Riparia er ei elv i Italia og ei av sideelvane til Po frå venstre. Ho er 125 km lang med eit nedslagsfelt på 1 231 km². Ho har sitt utspring i Dei cottiske Alpane, nær Col de Montgenèvre i Frankrike, der ho vert kalla Piccola Dora. Ho får namnet Dora Riparia etter ho renn saman med Ripa Argenteradalen og Thuras de Bousson nær Cesana.

Lenger nede i dalen, i Oulx, mottar elva den største sideelva si, Dora di Bardonecchia, og før Susa mottar ho Galambra og Cenischia. Etter Susa møter Dora Riparia fleire mindre sideelvar: Gravio ved Condove, Sessi ved Caprie og Messa ved Almese frå venstre, og frå høgre Scaglione av Meana og Gravio ved Villarfocchiardo. Ho renn gjennom Susadalen og etter å ha kryssa Posletta og kommunane Avigliana, Alpignano, Pianezza og Collegno munnar ho ut i Po ved Torino. I Italia vert ho rekna som ei småelv med varierande vassføring (torrente) fram til Susa, og ei elv (fiume) resten av vegen.

Det var der Dora Riparia munnar ut i Po at Torino vart grunnlagd i romartida. Dora Riparia var der lenge den viktigaste energikjelda og alt i mellomalderen vart det grave mange kanalar (duriae) som reiv møller, vasshjul og andre innretningar. Den urbane og industrielle utviklinga i byen på 1900-talet førte etter kvart til forureining av elva. Renovasjonsarbeidet starta først på 1990-talet. I 1999 vart Dora Riparia og Sangone rekna som svært forureinia. I 2002 vart det oppretta ein landbruk- og naturpark finansiert av kommunen Collegno og regionen Po for å bevare det naturlege livet i elva.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dora Riparia» frå , den 20. november 2007.

Kategori:Piemonte Kategori:Po Kategori:Elvar i Italia Kategori:Elvar i Frankrike