Gerd Janne Kristoffersen () er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget for Nord-Trøndelag i 2005 og 2009, og sat ut denne perioden til 2013. Ho var vararepresentant frå 2001.

Kristoffersen var formannskapsmedlem i Verdal 1991–1995, og ordførar 1999–2005. I periodar 1995-1999 var ho medlem av Nord-Trøndelag fylkesting, i 1997-1999 medlem av Arbeiderpartiets landsstyre og leiar i Nord-Trøndelag Arbeidarparti frå 2008.

Ho er utdanna sjukepleier frå Innherad sjukepleiarhøgskole frå 1974, og har seinare vidareutdanna seg i leiing og pedagogikk. Ho har hatt ulike stillingar som sjukepleiar, faglærar og oversjukepleiar, det meste av tida ved Sjukehuset Levanger.

Stortingskomitear 2005–2009: medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2005–2009: varamedlem i Valkomiteen 2009–2013: medlem i Finanskomiteen

Bakgrunnsstoff Gerd Janne Kristoffersen hjå Stortinget Gerd Janne Kristoffersen hjå TV 2

Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Nord-Trøndelag Kategori:Ordførarar i Verdal Kategori:Ap-ordførarar i Nord-Trøndelag Kategori:Norske sjukepleiarar Kategori:Folk frå Verdal Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009