Younger Than Yesterday er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut 6. februar 1967 på Columbia Records. Bandet blanda inn element av psykedelisk rock, noko dei hadde starta med på det førre albumet sitt. I tillegg hadde bandet og produsenten Gary Usher byrja å eksperimentere med blåseinstrument, baklengseffektar og elektroniske oscillatorar. Det var òg første gangen bassisten i bandet, Chris Hillman, skreiv songar for bandet. Før Younger Than Yesterday hadde Hillman berre vore medlåtskrivar på ein song med The Byrds, men på dette albumet var han den einaste låtskrivaren på fire songar, og var medlåtskrivar på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star». To av songane til Hillman på albumet drog i retning av country og vart tidlege peikepinnar på countryrock-retninga bandet tok på seinare album.
Tittelen på Younger Than Yesterday kjem frå teksten til «My Back Pages», ein song av Bob Dylan som bandet spelte på albumet.
Younger Than Yesterday nådde 24. plassen på den amerikanske albumlista og 37. plass på den britiske lista. Den første singelen frå albumet var «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» i januar 1967 og han nådde Topp 30 på Billboard Hot 100 i USA. To andre singlar, «My Back Pages» og «Have You Seen Her Face», gjorde det òg forholdsvis bra på singellista. Ingen av singlane frå albumet gjekk inn på lista i Storbritannia. Musikkskribentane Richie Unterberger og David Fricke har begge sagt at sjølv om albumet selde forholdsvis dårleg då det kom ut, har det stått sterkt hos kritikarane i løpet av åra og vert i dag rekna som eit av dei beste albuma deira.
Bakgrunn The Byrds hadde slått gjennom internasjonalt i midten av 1965 då folkrocktolkingane deira av Bob Dylan sin «Mr. Tambourine Man» gjekk til topps både på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og UK Singles Chart. Dei fekk meir kommersiell suksess då bandet gav ut to hitalbum og nåde toppen av singellista i USA for andre gongen med ein coverversjon av Pete Seeger sin «Turn! Turn! Turn! (to Everything There is a Season)». Gjennom siste halvdel av 1965 vart bandet særs populært blant tenåringane og musikken deira vart mykje spelt på radio. Tidleg i 1966 slutta den viktigaste låtskrivaren til The Byrds, Gene Clark, bandet, og det var opp til Jim McGuinn, David Crosby, Chris Hillman og Michael Clarke å fullføre det tredje albumet deira, Fifth Dimension. Då Fifth Dimension kom ut fekk det middels kritikk og selde dårlegare enn dei to tidlegare albuma. Populariteten til The Byrds var derfor dalande seint i 1966 og dei var stort sett gått i gløymeboka til det store poppublikummet.
Kort tid etter utgjevinga av Fifth Dimension var The Byrds utan plateprodusent, då Allen Stanton, som hadde arbeidd med dei på det albumet, slutta i Columbia Records til fordel for A&M. Bandet valde å erstatte Stanton med Gary Usher, som tidlegare hadde vore låtskrivarpartnar med Brian Wilson i The Beach Boys, og som nyleg hadde produsert det første soloalbumet til Gene Clark, Gene Clark with the Gosdin Brothers. I tillegg til å produsere innspelingane for Younger Than Yesterday, kom Usher til å produsere dei to neste albuma deira òg. Biografiforfattaren til The Byrds, Johnny Rogan, sa at den store produksjonserfaringa til Usher og kjærleiken hans for innovative studioeksperiment vart uvurderleg for gruppa då dei gjekk inn i den mest kreativt dristige fasen sin. Forfattaren David N. Howard skreiv at trass i dei mange stilane og sjangrane på Younger Than Yesterday, så gjorde studioekspertisen til Usher albumet imponerande konsistent.
Etter ein intens periode med øving i hovudkvarteret deira på Sunset Boulevard, spelte The Byrds inn heile Younger Than Yesterday i Columbia Studios i Hollywood i løpet av elleve hektiske dagar, frå 28. november til 8. desember 1966. Den originale arbeidstittelen på albumet var Sanctuary, men til slutt vart dette droppa til fordel for tittelen som var inspirert av ei linje frå Bob Dylan-songen «My Back Pages»:
Ah, but I was so much older then, I'm younger than that now.
Sjølv om Clark hadde slutta The Byrds før innspelinga av Fifth Dimension var over, deltok han i innspelinga av songane «Eight Miles High» og «Captain Soul» på det albumet. Younger Than Yesterday er derfor det første albumet deira heilt utan Clark. Som på Fifth Dimension, fortette gitaristane McGuinn og Crosby å skrive songar for å fylle tomrommet etter Clark.
Men den mest overraskande utviklinga i The Byrds på denne tida var at bassisten Chris Hillman steig fram som både solovokalist og den tredje låtskrivaren i bandet. Før innspelinga av Younger Than Yesterday hadde Hillman aldri unge solovokal på ei Byrds-innspeling, og den einaste songen han hadde medverka til som låtskrivar var den instrumentale «Captain Soul» som heile bandet skreiv. På dette albumet var han den einaste låtskrivaren på «Have You Seen Her Face», «Time Between», «Thoughts and Words» og «The Girl with No Name», og han song sjølv på desse fire songane. Hillman var òg medlåtskrivar på «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star», som han syng i lag med McGuinn og Crosby.
Musikk mini|Jazzmusikaren Hugh Masekela spelte trompetsoloen på songen «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star». På Younger Than Yesterday utvida The Byrds musikkstilen sin i forskjellige retningar. Musikkritikaren John Harris har skildra albumet som The Byrds si «vestkystifiserte utgåve av Revolver-estetikken», med referanse til The Beatles-albumet frå 1966. Chris Hillman medverka med to countryrock-aktige songar med «Time Between» og «The Girl with No Name», sistnemnde inspirert av ei ung kvinne med det uvanlege aukenamnet Girl Freiberg. «Time Between» var derimot ein Paul McCartney-aktig popsong og resultatet av det første forsøket til Hillman på å skrive ein song på eiga hand. Begge songane hadde ein country-aktig gitar spelt av studiomusikaren Clarence White, som vart fullt medlem av The Byrd frå 1968 til 1973. Byrds-eksperten Tim Connors meinte at popcountrystilen på «Time Between» og «The Girl with No Name» — som «Mr. Spaceman» frå det førre albumet — indikerte countryinnspelingane på dei påfølgjande albuma til The Byrds.
I tillegg til desse to countryaktige songane, bidrog Hillman med den LSD-aktige «Thoughts and Words», ein metafysisk meditasjon om menneskelege forhold med ein sitar-liknande lyd skapt av ein baklengs gitareffekt. Ein fjerde Hillman-song på albumet var ein song inspirert av den britiske bølgja kalla «Have You Seen Her Face», som vart rekna som kommersiell nok til å bli gjeven ut på singel i USA nokre månader etter albumet kom ut. Tim Connors skreiv på nettsida si Byrdwatcher at desse fire melodiane med romantiske tema førte med seg element til albumet som hadde mangla sidan Clark slutta i bandet.
Hillman var òg medlåtskrivar på opningssporet på albumet, «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star». Med ein satirisk og sarkastisk tekst var songen eit bittert, men godmodig slag mot suksessen til fabrikkerte popband som The Monkees. Connors skreiv at «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» er òg ironisk fordi visse delar av opphavet til The Byrds òg var fabrikkert, sidan trommeslagaren Michael Clarke først vart henta inn i bandet på grunn av utsjånaden sin, og ikkje musikaliteten. På grunn av dette har musikkskribenten David Fricke sat at somme fans mistolka «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» som ein sjølvbiografisk song. Den drivande basslinja til Hillman og gitarriffet til McGuinn, spelt på ein 12-strengs Rickenbackergitar, dannar kjernen i songen, og songen vart avrunda av lyden frå skrikande fans, spelt inn under ein Byrds-konsert i Bournemouth under den engelske turneen til bandet i 1965. Den sørafrikanske jazzmusikaren Hugh Masekela spelte trompetsoloen i songen. Det var første gongen Byrds brukte blåsarar på ei innspeling. Masekela og The Byrds framførte seinare «So You Want to Be a Rock 'n' Roll Star» i lag på Monterey Pop Festival den 17. juni 1967.
McGuinn og Crosby sine songar, skrivne både i lag og kvar for seg, fortsette jazz- og psykedeliatrenden frå det førre albumet. Songen «C.T.A.-102», kalla opp etter kvasaren CTA-102 og skriven av McGuinn og den science-fiction-innstilte venen Bob Hippard, var ein underleg, men seriøs song som spekulerte i om det fanst intelligent utanomjordisk liv. McGuinn forklarte inspirasjonen til songen i eit intervju i 1973 med magasinet ZigZag: «Då eg skreiv songen trudde eg det var mogeleg å få kontakt med kvasarar, men fann seinare ut at dei var stjerner som imploderer i ein enorm snøggleik. Dei kondenserer og spinn rundt samstundes, og kjernen sender ut enorme mengder stråling, mellom anna elektroniske pulsar det er mogeleg å høyre med radioteleskop. Dei kjem i rytmiske mønster og opphavleg trudde radioastronomar som fanga desse signala at dei kunne vere frå livsformer i rommet.» Sjølv om den tidlegare songen «Mr. Spaceman» hadde eit liknande tema, var «C.T.A.-102» eit noko meir seriøst forsøk på å omhandle temaet, med hjelp av mange lydeffektar i studio, simulerte stemmer frå romvesen og lyden av ein elektronisk oscillator.
Låtskrivinga til Crosby utvikla seg òg raskt og Fricke omtalte «Renaissance Fair» (skriven i lag med McGuinn) som eit døme på at tekstane og låtskrivinga vart stadig meir tankefull. Songen var inspirert av ei vitjing til Renaissance Pleasure Faire of Southern California og Connors har skildra den draumeliknande mellomalderstemninga som ein tematisk føregangar til den seinare Crosbysongen «Guinnevere». Fricke har òg hylla det instrumentale samspelet mellom «kyrkjeklokkeklangen» i gitarane til Crosby og McGuinn og den melodiske, hoppande bassen til Hillman, og skildra songen som «ei strålande levandegjering av ein mellomalderfestival, og i forlenginga den sensuelle idealismen i hippiedraumen». Bruce Eder prøvde å oppsummere der relevant songen var i dag for AllMusic med å sei at han var «ein høvessong like mykje knytt til hendingar på den tida som Buffalo Springfield sin 'For What It's Worth'». I tillegg skildra Eder «Renaissance Fair» som «ei perfekt blanding av den opphavlege, elektriske folkemusikken deira og ei nyare, meir kontemporær musikkform, nesten hippie-folk-musikk.»
Ein annan Crosby-song på albumet var den mørke, jazzaktige «Everybody's Been Burned». Det er ein melankolsk refleksjon om trongen til å finne ein balanse mellom desillusjon og resolutt uthald i eit forhold. Sjølv om songen av mange kritikarar vart rekna som eit musikalsk sofistikert sprang i musikken deira, vart han i røynda skriven i 1962, to år før The Byrds vart skipa. Crosby skreiv opphavleg songen som ein sentimental kjærleikssong og hadde spelt inn ein demo av songen så tidleg som i 1963. Ei akustisk innspeling av songen av Crosby frå tida før The Byrds kom omsider ut på samlealbumet Preflyte Plus i 2012. Forfattaren Johnny Rogan skreiv at Byrds-utgåva av songen er ein av dei beste vokalprestasjonane til Crosby og har ein av dei mest stemningsfylte gitarsoloane til McGuinn, medan kritikaren Thomas Ward skildra det som «ein av dei mest stemningsskapande songane i heile Byrds-katalogen og ein av dei beste songane til David Crosby».
Crosby sine ambisjonar om kunstnarisk kontroll i bandet auka i takt med at han skreiv betre songar, og kranglinga som følgde førte til slutt til at han fekk sparken frå gruppa under innspelinga av det neste albumet deira, The Notorious Byrd Brothers. Ei anna sak som gjorde Crosby misnøgd under innspelinga av Younger Than Yesterday var knytt til Bob Dylan-songen «My Back Pages». Songen var blitt føreslått som ein høvande song for The Byrd av manageren Jim Dickson, men sidan det var den fjerde songen dei spelte frå Dylan-albumet Another Side of Bob Dylan, meinte Crosby at det var eit for opplagt val og eit kunstnarisk steg attende. Etter albumet kom ut har likevel kritikarar trekt fram songen som ein av dei beste Dylan-tolkingane deira.