Rondo for piano og orkester i A-dur, K. 386 er ein konsertrondo av Wolfgang Amadeus Mozart, som Alfred Einstein meiner vart komponert seint i 1782.Article at mozartforum.com

Komposisjon Mozart skreiv Rondo i A om lag samstundes som dei første tre pianokonsertane hans i Wien, nr. 11, 12 og 13.

Ein trudde tidlegare at Mozart ikkje hadde skrive dette stykket ferdig,Article at www.classicalarchives.com fordi då Constanze Mozart selde manuskriptet i 1799 til J. A. André, mangla dei siste sidene. Alan Tyson oppdaga dei tidlegare tapte sidene i British Library i 1980. Ch. 17, "The Rondo for Piano and Orchestra, K. 386," s. 262-289, i Alan Tyson, Mozart: Studies of the Autograph Scores, Cambridge, MA: Harvard University Press, 1987. ISBN 0-674-58831-2.

Musikkvitaren Alfred Einstein meiner at stykket var meint som anten den originale finalen eller ein erstattande finale for hans Pianokonsert nr. 12 av Pianokonsert nr. 12 i A. Begge stykka er i same toneart, og begge vart komponert i same tidsrom. Det er likevel nokre store skilnader. Dei tre konsertane som Mozart komponerte var a quattro (med berre fire strykarar som akkompagnement), medan ein rondo ikkje kan vere det, sidan celloane har ei sjølvstendig linje frå bassane.Philips Digital Classics 'Complete Mozart Edition- Pianokonserts'; Label Number 464 800-2. Den første sida av manuskriptet hadde òg tittel og var datert av Mozart, noko som indikerer at det var eit frittståande stykke.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rondo for Piano and Orchestra in A major (Mozart)» frå , den 29. desember 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pianokonsertar av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Musikk i 1782