Pianokonsert nr. 15 i B-dur, KV. 450 er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart. Mozart komponerte solokonserten for ei rekkje konsertar ved Trattnerhof og Burgtheater i Wien dei første månadane av 1784, der han sjølv var solist i mars 1784.

I eit brev til faren samanlikna Mozart denne konserten med den 16. konserten i D:

«Eg reknar begge som solokonsertar, som betyr at dei er krevjande; men den i B er vanskelegare enn den i D»Hutchings (s. 290)

Mange pianistar reknar faktisk denne som den vanskelegaste av alle pianokonsertane til Mozart.Steinberg Konserten er hovudsakleg vanskeleg på grunn av dei mange raske skalaene som må spelast perfekt, samt dei mange akkordskiftene som flyttar seg opp og ned på klaviaturet.

Verket er skrive for piano, fløyte, to oboar, to fagottar, to horn og strykarar. Konserten har tre satsar:

Allegro Andante i Ess-dur Allegro

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 15 (Mozart)» frå , den 29. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Hutchings, Arthur, A Companion to Mozart's Piano Concertos, Oxford University Press (original publication, 1948). Steinberg, Michael, The Concerto: A Listener's Guide, Oxford (1998, ISBN 0195103300)

Bakgrunnsstoff

15 Kategori:Musikk i 1784