Parlement var regionale lovgjevande og juridiske organ i Ancien Régime-tida i Frankrike.

Dei politiske institusjonane Parlement i Ancien Régime utvikla seg ut frå tidlegare rådsforsamlingar for kongen, Conseil du roi eller curia regis, og hadde derfor eldgamle og sedvanlege rettar for rådlegging.G. W. Prothero, "The Parliament of Paris", The English Historical Review, 13, No. 50 (April 1898), s. 229-241. På 1200-talet vart dei juridiske funksjonane lagt til. Parlamentarikarane meinte at rolla til parlamentet skulle ta ein aktiv del i den juridiske prosessen, som førte dei i stadig større konflikt med det eineveldige monarkiet under Ancien Régime, når lit de justice på 1500-talet utvikla seg frå ein konstitusjonell form til eit kongeleg våpen, nytta til å tvinge fram edikt.Mack s. Holt, "The King in Parliament: The Problem of the Lit de Justice in Sixteenth-Century France" The Historical Journal 31 (September 1988:507-523).

Opphavleg var det berre parlamentet i Paris, som utvikla seg ut frå rådforsamlinga til kongen i 1307, og sat i det mellomalderske kongeslottet i Île de la Cité, der Palais de Justice i Paris er i dag. Domsmakta til parlamentet i Paris dekte heile kongedømet slik det var på 1300-talet, men dekte ikkje automatisk områda som kongane etter kvart vann til seg. I 1443, etter hundreårskrigen, gav kong Karl VII av Frankrike Languedoc sitt eige parlement då han oppretta parlamentet i Toulouse, det første parlement utanfor Paris. Dette dekte det meste av det sørlege Frankrike.

Frå 1443 og fram til den franske revolusjonen vart det oppretta fleire andre parlements i forskjellige provinsar i Frankrike. Fram til slutten av Ancien Régime-styret var det parlement i Douai, Arras, Metz, Nancy, Colmar, Dijon, Besançon, Grenoble, Aix, Perpignan, Toulouse, Pau, Bordeaux, Rennes og Rouen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Parlement» frå , den 18. januar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Den franske revolusjonen Kategori:Fransk historie

bg:Парижки парламент he:פרלמנט במשטר הצרפתי לפני המהפכה