Illustratør er eit yrke der ein lagar illustrasjonar, det vil seie bilete med eit klart formål eller bodskap, til dømes til bøker, tekstar Illustratør i Store Norske Leksikon og teikneseriar. Yrke og karriere: Illustratør på Utdanning.no, 19. okt 2012. Når ein er illustatør, er det mest vanleg å jobbe frilans, men nokre illustratørar er òg tilsette i bokforlag, reklamebyrå eller medieverksemder. Yrker: Illustratør på Jobbfeber.no, 2010-05-04. Ein illustratør bør ha talent og interesse innan teikning og jobbar med visuell kommunikasjon. Arbeidsppgåver
Ein illustratør er ikkje like fri som ein biletkunstnar, men gjer oppdrag frå ein arbeidsgjevar. Som illustratør kan ein arbeide med profilering av verksemder, bokillustrasjon/-design, emballasje, identitetsbygging, redaksjonell illustrasjon og design, plakatar, skriftdesign og kalligrafi, reklame, skilting, strategisk design, animasjon, teikneseriar, webdesign, multimedia, film & TV.
Løna til ein illustratør kan variere etter om ein er fast tilsett eller jobbar frilans. Andre faktorar som speler inn er utdanning, erfaring, oppdraga og tilknytingsforhold. Spesielt i byrjinga av karrieren er det opp til illustratøren sjølv å skaffe seg kontaktnettverk.
Mange illustratørar er sjølvlærte og har opparbeidd seg kompetanse gjennom praktisk arbeid.
Nokre norske illustratørar mini|Den norske vekeblad- og bokillustratøren Gunnar Bratlie i atelieret på Røros 1982. Erik Werenskiold (1855-1938), illustrerte norske folkeeventyr og kongesogene Theodor Kittelsen (1857–1914), illustrerte norske folkeeventyr og dikt Dagny Tande Lid (1903-1998), illustrerte ektemannen Johannes Lid sine oppslagsverk om norsk flora Torbjørn Egner (1912-1990), illustrerte sine eigne barnebøker, t.d. Kardemomme by og Hakkebakkeskogen Kjell Aukrust (1920-2002), illustrerte sine eigne bøker om Flåklypa Vivian Zahl Olsen (f. 1942), illustrerte m.a. barnebøkene om Flode Fam Ekman (f. 1946) Philip Newth (f. 1950), illustrerte m.a. bøkene til Roald Dahl Akin Duzakin (f. 1961) Marvin Halleraker (f. 1962), avisillustratør i Bergens Tidende, Vårt Land og Morgenbladet Stian Hole (f. 1969) Øyvind Torseter (f. 1972)
Andre kjende illustratørar
Jessie Willcox Smith (1863-1935), amerikansk illustratør Mary GrandPré, amerikansk illustratør, kjend for å ha illustrert dei amerikanske Harry Potter-bøkene.
Sjå òg Kunstnar Art director Designar Grafisk designar Grafisk trykkjar Mediedesignar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Jobbfeber.no om iIllustratøryrket Norske illustratører presentert på Grafill sin nettstad Norske bokillustrasjonar og -illustratører (dømer frå Tegnerforbundets bibliotek) Europeisk illustratørforum (på engelsk) Tysk illustratørorganisasjon Flamske illustratører (gallerier)
Kategori:Kunstyrke