Halldor Skard () er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Oslo. Han var med på å vinne gull for Norge på 4 x 5 km stafett under OL 1998 i Nagano. Skard har også to VM-medaljar i lagøvinga, gull i 1997 og sølv i 1995.

Karriere Skard vart juniorverdsmeister i kombinert i Vuokatti i 1992. Fyrst vinteren 1995 nådde han eit nivå som gjorde at han kunne måle seg mot dei dyktigaste kombinertrennarane i verda. I sine tre beste sesongar, 1995-97, hadde han fem pallplasseringar (1-2-2) i verdscuprenn. Framom tre landsmenn vann han i Steamboat Springs sin einaste siger i verdscupen i desember 1996.

Skard fekk i 1995 plass på det norske firemannslaget som tok sølvmedaljar under ski-VM i Thunder Bay. Under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim i 1997 vart han nummer 13 i den individuelle kombinertøvinga, og gjekk fyrste etappen for Noregs gullmannskap i lagtevlinga: Bjarte Engen Vik, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Året etter starta Skard også fyrst i langrennsdelen då Noreg vann OL-gull for lag, då saman Kenneth Braaten og førnemnde Vik og Lundberg.

Han slutta som aktiv i 2000.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1993: Nr 6 på Lillehammer Ski-NM 1994: Nr 8 i Vegårshei Ski-NM 1995: Nr 4 i Oslo Ski-NM 1996: Sølvmedalje i Stryn Ski-NM 1998: Nr 6 i Berkåk Ski-NM 1999: Nr 7 på Raufoss Ski-NM 2000: Bronsemedalje på Vang i Hedmark

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Halldor Skard i fis-ski.com Halldor Skard i olympedia.org

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1998