Elen Jeremjan (armensk skrift Էլեն Երեմյան, ), kjend under artistnamnet Brunette, er ein armensk songar og låtskrivar. Ho representerte Armenia i Eurovision Song Contest 2023 med songen «Future Lover».
Bakgrunn Brunette er fødd i Jerevan i Armenia. Ho byrja å syngje allereie som fireåring, og byrja å skrive eigen musikk som 15-åring. I september 2019 slapp ho debutsingelen «Love the Way You Feel» i samarbeid med Nvak Foundation. Seinare har ho gjort suksess med songar som «Night», «Smoke Break» og «Light Blue Eyes», som har fått flere millionar avspelingar på YouTube.
I februar 2023 kunngjorde den armenske kringkastaren ARMTV at dei hadde internt vald Brunette til å representere Armenia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool. Ho deltok med songen «Future Lover» og enda på 14. plass i finalen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Brunette (musiker)» frå , den 2. mars 2024.
Kategori:Armenske songarar Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Armenske Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2023-låtskrivarar Kategori:Folk frå Jerevan