Sverre Rotevatn () er ein norsk, tidlegare kombinertløpar, fødd på Lillehammer, som var aktiv for Øystre Slidre IL frå 1998 til 2004. Han vart verdsmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 2001. Året etter fekk han sølvmedalje i noregsmeisterskapen på ski.

Aktiv Rotevatn deltok for Noreg i alle tre kombinert-øvingane under VM 2001 i Lahti. Han vart nummer 27 i normaløvinga, men fekk likevel plass på det norske laget som sidan vann gull i lagtevlinga. Saman med Kenneth Braaten, Bjarte Engen Vik og Kristian Hammer syrgde han for norsk siger, elleve sekundar før Austerrike.

På nyåret 2002 gjorde Rotevatn sin beste prestasjon i verdscupen i kombinert, då han vart nummer åtte i eit renn i Schonach. Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City gjekk Rotevatn i mål til ein 13. plass, hans fremste plassering i internasjonale meisterskap. Han deltok også på det norske laget som vart nummer fem i lagtevlinga. Tidlegare i 2002-sesongen vann han i Høydalsmo si einaste NM-medalje, slått av Jan Rune Grave med 58 sekundar.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1999: Nr 8 på Raufoss 2001: Nr 5 i Steinkjer 2002: Sølvmedalje i Høydalsmo 2003: Nr 7 i begge øvingane i Molde 2004: Nr 4 på Bardufoss

Kjelder

Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 2002 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 2002